Ny og betre metode for livredding

Norsk Luftambulanse tek i bruk ein betre metode som kan redde fleire liv etter hjartestans.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Start hjarte-lungekompresjon med 30 brystkompresjonar. Plassér hendene midt på brystet til den forulykka, slik instruksjonsbiletet til Norsk Luftambulanse viser. (Foto: Terje Heiestad, Norsk Luftambulanse)Start hjarte-lungekompresjon med 30 brystkompresjonar. Plassér hendene midt på brystet til den forulykka, slik instruksjonsbiletet til Norsk Luftambulanse viser. (Foto: Terje Heiestad, Norsk Luftambulanse)

Av Inger Robøle Kristiansen, Nynorsk Pressekontor

Ekspertar i akuttmedisin har vorte einige om nye retningsliner for korleis hjarte-lungeredninga skal utførast. Målet er å forenkle, og sørgje for at innsatsen blir mest mogleg effektiv for pasienten.

Den viktigaste forandringa for folk flest er at talet på brystkompresjonar aukar til 30, og at rekkjefølgje blir endra, slik at ein startar med brystkompresjonar.

Det betyr at det blir utført 30 brystkompresjonar og deretter to munn-til-munn-innblåsingar, i denne rekkjefølgja, inntil det kjem profesjonell hjelp.

Brystkompresjonar prioritert

- Forskinga viser at ein må prioritere brystkompresjonar framfor innblåsingar. Ved fleire brystkompresjonar og færre pausar for innblåsingar lykkast vi betre med å få blodet fram til vitale organ som hjernen og hjarta, seier medisinsk direktør Jan Erik Nilsen i Stiftelsen Norsk Luftambulanse.

Nilsen seier at det framleis er viktig at folk flest lærer seg og øver på hjarte- og lungeredning. I Noreg er det cirka 5.000 tilfelle av hjartestans årleg, og forsking viser at overlevinga kan doblast eller tredoblast dersom pasienten straks får god hjarte-lungeredning.

Norsk Luftambulanse har fått utført ei undersøking som viser at 75 prosent av dei spurde er klar over at det må setjast i gang hjarte-lungeredning på ein medvitslaus person, men dei færrast veit korleis dei skal gjera det. Berre 22 prosent kjenner tilhøvet mellom innblåsingar og brystkompresjonar, som hittil har vore 2 til 15.

- Dette viser at behovet er stort for opplæring. Det er så lite som skal til for å redde liv, seier administrerande direktør Steinar Sørlie i Norsk Luftambulanse. Han minner om at både dei og andre stadig held kurs i førstehjelp. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus