Blair tapte hat-avstemning

Artikkelen fortsetter under annonsen

Statsminister Tony Blair leid eit sjeldant nederlag i det britiske Underhuset i avstemninga om lovforslaget mot religiøst hat tysdag kveld.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Wikipedia)(Foto: Wikipedia)

London (NTB-AFP-Reuters):

Kritikerane av lova meiner den undergraver ytringsfridomen, og Overhuset har forlangt fleire endringar av lova.

Regjeringa ba parlamentarikarane
avvise lordane sitt endringskrav, men fekk altså ikkje fleirtall i Underhuset.

Tony Blair har berre ein gong før sidan han kom til makta i 1997, lide
nederlag i ei avstemning i Underhuset.

Det var for to månader sidan, då
utbrytarar frå Labour stemte ned delar av regjeringa sitt forslag til
terrorlov.

Lova mot rasehat og religiøst hat er retta mot hat-ytringar, for eksempel frå muslimske predikantar som oppfordrar til valdsbruk.

Overhuset har heva terskelen for kva som er straffbart, og krev at
det må vere snakk om «trugande ord og handlingar», samt at dei må vere utførde med forsettet å skape hat.

Kritikk, fornærmingar og latterliggjering av religiøs tru eller praksis skal ikkje vere eit lovbrot, meinte Overhuset. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


_____