Når katten er borte

Artikkelen fortsetter under annonsen

Viss pus er forsvunne, må du leite etter han. Det skjønar du jo. Men kor skal du leite? Kanskje på nettet?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er artig å stikke av ei stund, men så vil eg heim til matskåla og sofakroken, meiner katten. (Foto:libertycornercomputing.com)Det er artig å stikke av ei stund, men så vil eg heim til matskåla og sofakroken, meiner katten. (Foto:libertycornercomputing.com)

Nabolaget er jo nokså en nokså opplagt stad å byrje. Men finn du ikkje pusen din når du har gjennomsøkt kvar kjellar og kvar krik og krok i nærleiken, så kan det jo tenkjast at pusen er eventyrlysten, og har teke seg ein lengre tur.

Nettkatten


No for tida gjer vi jo alt på nettet, og sjølvsagt kan du finne igjen pusen din der og. Det finst eit register på nettet der ein kan registrere bortkomne pusar.

Nettkatten.no

heiter nettstaden der både dei som har funne ein katt og dei som har mista ein kan prøve å sjå om de snakkar om den same katten.

Øyremerkt?


Akkurat no er det 1393 funne kattar, 2206 mista kattar og 886 gjenforeningar som er registrerte hos Nettkatten. Viss katten er øyremerkt, er det lett for dei som finn han å vite at det er rett

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kattungar må ein passe godt på. (Foto:libertycornercomputing.com)Kattungar må ein passe godt på. (Foto:libertycornercomputing.com)

katt. Viss ikkje kan du leggje inn bilde.

Dyrebeskyttelsen

har også eit katteregister der dei øyremerkte er registrert med eigar og kontaktadresse. Der kan du altså både registrere katten din og finne eigaren til pusen du har funne.

Her

er også ei side med gode tips som kan gjere at katt og eigar finn kvarandre igjen.

Savnet.no

er eit register over alt mogleg folk har mista, inkludert kjæledyr.

Det er ikkje artig å miste den pelskledte venen sin, og ikkje artig for pusevenen heller å vere på vift alt for lenge. Neste Klikk kryssar fingrane for at dei som leitar skal finne kvarandre.

Nettstadene i artikkelen ein gong til:


Les meir kattestoff på nettet:


ABC Startsida:

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving