Arabisk boikott gir oppseiingar i Danmark

Tysdag blir 100 tilsette på tre meieri på Jylland oppsagde.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: arlafoods.se)(Foto: arlafoods.se)

København (NTB): Mange tusen arbeidsplassar står i fare, dersom forbrukarboikotten av danske varer i Midtausten blir langvarig.

Danmark eksporterer varer til ein verdi av fem milliardar kroner i året til Midtausten. Eit tap av eksportinntekter på 1 milliard svarar til 1.400 arbeidsplassar, seier seniorøkonom Claus Birn Jensen til Jyllands-Posten.

Boikottaksjonen mot danske varer blei sett i gang i samband med striden om Muhammed-karikaturane i Jyllands-Posten. Den har spreidd seg frå Midtausten til fleire land i Nord-Afrika.

Eksporten av matvarer, særleg meieriprodukt og fjørfekjøt, er hardast ramma i første omgang. Den dansk-svenske meierigiganten Arla avgjorde måndag kveld å seie opp rundt 100 personar ved meieri på Jylland, skriv Berlingske Tidende. Leiinga i Arle vil tysdag fortelje kven av dei rundt 300 tilsette ved dei tre meieria som vil bli oppsagde.

Meieria produserer ost, smør og melkepulver primært for den arabiske marknaden.

Arla taper rundt 10 millionar kroner dagen på boikotten. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy