Skal blåse støv av kjempeskjelett

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvalskjeletta på Bergen Museum er heilt nedstøva etter å ha hengt i 100 år utan særleg vedlikehald.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: www-lu.hive.no)(Foto: www-lu.hive.no)

(NPK): Men no skal dei reinsast, skriv På Høyden. Utfordringa vert å gjere det på rette måten utan at skjeletta tek skade.

Ein har kome fram til at sandblåsing med kvartssand verkar bra. Ei blanding av etanol og ammoniakk skal dessutan fjerne overskotsfeitt som vert skilt ut frå knokkelmaterialet.

Skjeletta veg fleire tonn og det finst knapt liknande nokon stad i verda. Det kan bli vanskeleg å finne kranar som kan løfte dei tunge kvalrestane, og som samstundes ikkje øydelegg det gamle, gyngande golvet i museet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving