Kva heiter du då, litle venn?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alle har rett til eit namn, men det er ikkje så lett å vite kva ein skal kalle dei små luringane når dei kjem dettande.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det var mange som meinte noko om kva Prinsesse Ingrid Alexandra skulle heite. (Foto: Kongehuset.no)Det var mange som meinte noko om kva Prinsesse Ingrid Alexandra skulle heite. (Foto: Kongehuset.no)

I dag kom Statistisk sentralbyrå sin namnestatistikk for i fjor, som viser at det mest populære jentenamnet

framleis er Emma

.

Emmanamnet sin popularitet er så stor at vi ikkje har hatt liknande sidan «alle» jenter heitte Anne på 60-talet, ifølgje statistikken. 1,8 prosent av alle jentebabyar fekk namnet Emma i fjor.

Andreplassen på namnetoppen for jenter gjekk til Thea og Ida, med Sara på fjerdeplass. Gutar er det mest populært å kalle Markus eller Mathias, Jonas kjem på tredjeplass og Kristian på fjerde.

Retten til eit namn


I følgje

FN sin barnekonvensjon

har alle barn rett til å få eit namn rett etter fødselen. Men det er ein kjend sak at det ikkje er alle foreldre som er like flinke til å bestemme seg. Kven kjenner ikkje nokon som heiter Bror eller Søster enno i vaksen alder, sannsynlegvis fordi ingen klarte å gi dei ein heilt eigen identitet tidleg nok?

Det er ikkje så enkelt heller, det er lett å sjå føre seg. Tanter og onklar og bestemødrer og vener og naboar har ei meining og krev å bli høyrde i saka.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Når det kjem ein liten luring


Så er det jo barnet sjølv då. Sjølv om ein gjerne har tenkt og tenkt og kanskje var heilt sikker på kva namnet skulle bli, med alternativ for begge kjønn, så passar planen ikkje alltid heilt saman med prosjektet den dagen det kjem ein liten luring ut og er av kjøt og blod og ser ut som seg sjølv og krev sitt.


Røvarspråket


På nettstaden

Norske Navn

finn du namnetips og namnestoff for dei namnesøkjande, og der kan du til og med sjå ikkje berre kva dei forskjellige namna betyr, men også korleis dei blir stava på både blindeskrift, med døvealfabetet, i morseteikn, baklengs og på røvarspråket.

Mitt namn for eksempel, som enkelte meiner er langt nok frå før, blir Roragognonhohiloldod Momarorgogroretothoha på røvarspråket. Heldigvis var det ingen som tenkte over det då eg fekk namnet mitt for 33 år sidan.


Les meir på nettet:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving