Homo-dyr på utstilling

Artikkelen fortsetter under annonsen

Naturhistorisk museum i Oslo planlegg ei stor utstilling om homofili blant dyr. Homofili er dokumentert hos 1.500 dyreartar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): - Poenget med utstillinga er å setja fokus på eit fenomen som lenge har vore kjent, men få snakkar om; nemleg kor utbreidd homoseksualitet er i dyreriket, seier prosjektleiar for utstillinga Geir E. Söli til TV2 Nettavisen.

Söli trur at utstillinga kan bidra til å undergrave fordommar mot homofile, ettersom frå religiøst gjerne blir argumentert med at eit forhold mellom to av same kjønn er imot naturens reglar. Söli viser til dømes til hettemåkane, der opptil 20 prosent av para er av same kjønn.

Hos 1500 dyreartar har ein dukomentert dette fenomenet i nyare tid. Prosentdelen av homofile dyr varierer frå fem til over førti prosent. Ei papegøyeart har rekorden.

Utstillinga, som er planlagt til hausten, viser fotografi, tekst og utstoppa dyr.

- Dvergsjimpansen, ei av dei dyreartane som står mennesket nærast genetisk, er ekstrem. Arten har sex i alle tenkjeleg variantar både mellom individ av same kjønn, mellom eldre og yngre, og i alle tenkjelege variantar. Forsking viser at 100 prosent av individa er bifile, seier Söli.

Pinsepastoren Jan-Aage Torp i Oslokirken er opprørt over utstillinga og seier at det må finnast betre ting på bruke skattepengane på enn å arrangere ei utstilling som skal legitimere homoseksualitet ved å vise kva som skjer i dyreverda.

- Det er to ulike kjønn, som frå naturen si side er meint for å produsere barn, seier Torp til TV2 Nettavisen. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving