Epost lovar gratis mobil
På dataspråket kallast det ein «hoax», og det er ganske enkelt lureri som lovar, ber eller truer på ulikt vis.
Gratis mobil til alle
I helga fekk eg ein slik epost av to personar, og i teksten stod det at viss eg sender han vidare til 8 personar, så vil eg om to veker få ein Ericsson T18 i posten.
Til overmål vil eg få ein wap-telefon viss eg sender eposten til 20 personar. Samstundes må eg hugse på å vidaresende denne eposten til ei dame i Ericsson som heiter Anna Swelung.
Stakkars Anna
Denne eposten fekk eg for tre-fire år sidan også. Den gongen var det rett nok Nokiatelefonar det stod om, og dama som skulle ha kopi av eposten heitte Anna Swedlund (med d).
Gudane veit kor epostane til Anna Swelung/d hamnar, men ein får berre håpe at det ikkje er ein eller annan stakkar som heiter det og som får innboksen sin stappfull av epost frå folk som vil ha ein gratis telefon.
Katt på flaske
For dette er sjølvsagt berre tull frå ende til annen. Slike hoaxar er det, i beste fall. Og det er utruleg mykje slik ute og går i nettverda. Ei tid tilbake høyrde vi mellom anna ei frykteleg historie om noko som vart kalla Bonsai Kittens.
Dette skulle vere kattungar som vart tvungne til å vekse opp inne i ei flaske for å skulle pynte opp i heimen til eigaren. Skrekkelege greier, og folk sto i kø for å hjelpe desse stakkars kattene. Men var det sant? Nei då, det var løgn. Heldigvis.
Ber for si sjuke mor
Andre typiske hoaxar er typen «Sjukt barn ber om di hjelp». Du opnar eposten og får servert ei historie om eit stakkars kreftsjukt barn som har det så fælt. Poenget er som regel at du skal vidaresende denne eposten til alle du kjenner, fordi kvar vidaresendt epost vert registrert og dermed får sjukehuset til dette stakkars barnet eit visst beløp for kvar epost du sender.
Ærbødigst, Bill Gates
Liknande epostar har og versert i namnet til Microsoft og Bill Gates. Nok ein gong er det maskinar som skal registrere kvar enda epost du vidaresender, og som takk for hjelpa vil Microsoft gje deg eit visst beløp per epost. Pengane kjem i posten etter berre ei lita stund…
Jada, for vi veit jo alle at Microsoft likar å dele ut pengar i aust og vest.
Du gir bort venene dine
Det er lett å la seg lure, og viss ein har gått på limpinnen og vidaresendt ein epost til alle ein kjenner i von om å få ein gratis telefon, ja så er vel likevel inga skade skjedd. Eller?
Kanskje ikkje, men det kan vere at du på den måten «avslører» epostadressene til alle i adresseboka di slik at desse blir tilgjengelege for folk som ikkje berre vil dei vel. Det er ikkje så bra.
Brukarnamn og passord, takk
Så har vi og dei hoaxane som faktisk ikkje berre er til å bli litt flaue av, men som ein verkeleg skal passe seg for. Det er dei som, tilsynelatande, kjem frå ein bank eller ein annan institusjon som verkar truverdig, og som ber deg sende kontonummeret ditt og passord og kodar til nettbank og visakort. Gjerne er dette skjult under dekke av at dei oppdaterer databasane sine eller liknande.
Gløym det. Banken har meir orden i sysakene sine enn det, dei treng ikkje be deg om opplysningar dei sjølve garantert har liggande inne. (I så fall er det på tide at du byter bank.) Du skal aldri gi bort passordet ditt. Aldri.
Det er ikkje lett å skilje klinten frå kveiten i desse dagar då informasjonsflyten kan ta knekken på nokon og ein kvar. Då får ein kanskje heller berre ta inn over seg at det trass alt ikkje er noko som er gratis her i verda. Nesten då.