Festa på obduksjonssalen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Med duk og stearinlys på obduksjonsbenken, festa fleire tilsette ved Sykehuset Østfold før dei gikk vidare på julebord.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fredrikstad (NTB): Leiinga ved sjukehuset har forsøkt å halde hendinga hemmeleg ved å kalle ho ei personalsak, skriv VG.

Torsdag bekrefta likevel sjukehusleiinga at det hadde vore selskapeleg aktivitet på obduksjonssalen i byrjinga av desember.

På vorspielet, som skjedde vegg i vegg med sjukehuset sin likkjellar, deltok fleire portørar og nokre andre tilsette. Patologane, som til dagleg arbeider i lokala, var uvitande om festen.

Eit titall personar skal ha vore til stades på festen. På eit internt oppvaskmøte måndag denne veka blei deltakarane orienterte om at åtferda var heilt uakseptabel. Om saka vil få nokon konsekvensar for festdeltakarane, vil ikkje leiinga seie noko om. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving