Alvorleg sjuke vegrar seg for sanninga

Pasientar på medisinske sjukehusavdelingar ønskjer som regel ikkje å forstå og ta stilling til diagnosar og behandlingar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: jantiques.com)(Foto: jantiques.com)

(NPK): Mange ønskjer å halde på håpet om best mogleg resultat av behandlinga og stengjer ute negativ kunnskap om sjukdommen sin.

Det viser ein danske rapport som Sundhedsstyrelsen og Institut for Sundhedsvesen har offentleggjort.

- Helsepersonalet har plikt til å informere pasienten etter lova om rettsstilling for pasientar, men pasientane ønskjer gjerne å bli skåna for den barske sanninga, seier prosjektleiar og sosiolog Marlene Willemann til Jyllands-Posten.

- Enkelte kjenner ikkje eingong den nøyaktige diagnosen for sjukdommen sin. Ikkje fordi dei er mindre oppvakte, men fordi dei har vanskar med å sjå i kvitauga at dei kanskje aldri blir friske att. Pasientane vil gjerne bli informerte, men helst om praktiske ting, som kva dei gjera når dei blir utskrivne, og kva med medisineringa. Det er sjeldan at dei spør om diagnosen på lang sikt, seier Willemann.

Dei pasientane ho har intervjua var gjennomsnittleg 67 år. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving