Ein heilt ny jordklode

Artikkelen fortsetter under annonsen

Arbeidet med å finne nokon å snakke med går framover. Betre plass hadde heller ikkje vore så dumt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det ser ut som vi kan trenge ein ny slik. Korleis skal vi gjere det viss vi finn ein? (Foto: solarviews.com)Det ser ut som vi kan trenge ein ny slik. Korleis skal vi gjere det viss vi finn ein? (Foto: solarviews.com)

Det vert kalla eit gjennombrot i søkinga etter intelligent liv i rommet:

Ein heilt ny planet har dukka opp utanfor solsystemet vårt. Planeten liknar mest på jorda av dei som er oppdaga så langt, i følgje Aftenbladet.no.

Ikkje uvanleg


Nye planetar er ikkje så uvanleg. Dei siste åra har astronomane oppdaga meir enn 160 planetar som kretsar rundt stjerner utanfor solsystemet vårt. Dei fleste av dei er gigantiske gassplanetar der det ikkje er mogleg at noko liv slik vi kjenner det kan eksistere.

Den nye planeten, som har fått namnet OGLE-2005-BLG-390Lb, ligg 28 000 lysår frå oss og kretsar rundt ei solliknande stjerne i Skytten, ikkje langt unna midten av Melkeveien. Planeten er fem gonger større enn jorda og har truleg temperaturar ned mot minst 220 grader celsius.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Bebuelege planetar


Oppdaginga av OGLE-2005-BLG-390Lb skjedde ved hjelp av ein teknikk kalla mikrogravitasjonslinser. Funnet av den nye planeten er eit gjennombrot i denne teknikken, og viser at den kan brukast til å finne bebuelege planetar.

Allereie Albert Einstein føresåg mikrogravitasjonslinseteknikken, og no gir den altså resultat.


Ein heilt ny klode


Vi kan altså få ein ny klode å bu på. OGLE-2005-BLG-390Lb høyest litt kald ut etter Neste Klikk-redaksjonen sin smak, men kanskje vi finn ein annan som passar heilt perfekt? Vi blir jo fleire og fleire på denne kloden, så det kunne passa fint med litt meir tumleplass. Kanskje vi får nye vener og! Eller nye fiender...


Kva trur du?


Viss vi finn ein ny klode, kva skal vi bruke han til? Skriv forslaget ditt i kommentarfeltet under!

Les meir på nettet:

  • Nature har meir om den nye planeten

ABC Startsida:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving