Han ringjer henne, ho ringjer barna
(NPK): Men dei fleste foreldre meiner at mobiltelefonen gjer dei meir delaktige i kvardagen til ungane. Dette går fram av ei gransking som Perduco har gjort for NetCom.
44 prosent av norske menn har flest mobiltelefonsamtalar med ektefelle og sambuar. Berre 28 prosent av kvinnene har flest samtalar med mannen. Kvinner snakkar heller med barna og har både dei fleste (41 prosent) og dei lengste (40 prosent) telefonsamtalane med dei håpefulle.
56 prosent av barnefamiliane meiner mobiltelefonen gjer dei meir delaktige i kvardagen til ungane. 43 prosent er usamde i dette. Dei eldste føler i størst grad at dei vert meir delaktige i barnas liv gjennom mobilen; 66 prosent av befolkninga mellom 50 og 59 år meiner dette, og 63 prosent av dei over 60 år.
Dei under 30 år snakkar lengst med mor (44 prosent) og søsken (22 prosent) og brukar berre 11 prosent av dei lengste samtalane med ektefellen eller sambuaren.
Eit klart fleirtal av familiane betalar mobilrekninga for ungane sine (81 prosent). Så mange som 95 prosent av barnefamiliane i Troms gjer det, medan 53 prosent av foreldra i Nordland gjer det same. (NPK)