Vinn PC i skrivetevling

Artikkelen fortsetter under annonsen

100-årsjubilanten Noregs Mållag skipar til skrivetevling for ungdom. To vinnarar får kvar sin berbare PC.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Noregs Mållag og dagleg leiar Gro Morken Endresen skipar til ei landsomfattande skrivetevling. (Foto: Einar Schibevaag)Noregs Mållag og dagleg leiar Gro Morken Endresen skipar til ei landsomfattande skrivetevling. (Foto: Einar Schibevaag)

- Vi tykkjer det er veldig spennande å sparke i gang denne skrivetevlinga, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

- Nynorsk er eit skriftspråk som er i bruk i alle klasserom over heile landet og det er viktig for oss at elevane får eit positivt møte med nynorsken.

130 000 brev


Det er første gong Noregs Mållag set i gang ei slik landsomfattande skrivetevling og Morken Endresen er spent på om skrivetevlinga vert teken godt i mot på ungdomsskulane og vidaregåande skular.

I desse dagar sender Mållaget ut over 130 000 informasjonsskriv som skal nå ut til elevar og lærarar på over 1500 skular over heile Noreg.

Startsida gir bort PC


Administrerande direktør Espen Udland i ABC Startsiden AS finn det heilt naturleg å delta i skriveprosjektet, og ser dette som eit ledd i nynorsksatsinga han fekk «Målblomen» for i fjor.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi ønskjer å vere eit lokomotiv for nynorsken på Internett. Som ein tospråkleg norsk medieteneste har vi sans for landsdekkande prosjekt som ønskjer å stimulere norsk ungdom til å skrive.

Startsida sitt bidrag er to berbare PCar som skal kome vinnaren i kvar klasse til gode.

Hjelp til å skrive


Du som skriv kan sjølv velje innhald og sjanger, ut frå temaet som er gitt:«Språket mitt».

Espen Udland i Startsida gir med glede vekk to berbare PCar som hovudpremie.Espen Udland i Startsida gir med glede vekk to berbare PCar som hovudpremie.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

For deg som ønskjer hjelp til rettskriving og skriving generelt, vil ABC Startsida, i samarbeid med Språkrådet, arrangere tre nettmøte.

Datoane for nettmøta finn du i faktaboksen under. Spørsmål til nettmøta kan du byrje å sende inn allereie dagen før møtet skal vere.

Digitale premiar


I alt seks premiar skal delast ut til dei tre beste bidraga i dei to klassene ungdomsskule og vidaregåande skule.

Hovudpremien i kvar klasse er ein berbar PC, medan andre og tredje premie er digitalkamera og webkamera. Vinnaren av kvar klasse vert óg invitert til Dei Nynorske Festspela som finn stad i Ørsta og Volda mellom 21. og 25. juni.

Her finn du invitasjonen til tevlinga.

Datoar for nettmøte:

  • Torsdag 16. februar mellom 17 og 19

  • Torsdag 2. mars mellom 17 og 19

  • Torsdag 16. mars mellom 17 og 19


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving