Videoovervaking av skogens konge

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit videokamera i skogen skal overvake korleis elgen oppfører seg når han møter straumfarande viltgjerder i Grong i Nord-Trøndelag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: fuv.hivolda.no)(Ill: fuv.hivolda.no)

(NPK): Eit videokamera i skogen skal overvake korleis elgen oppfører seg når han møter straumfarande viltgjerder i Grong i Nord-Trøndelag.

Dersom det enkle og rimelege gjerdet viser seg å stogge trekkruta til elgen over veg og jarnbane, kan det berge både dyre- og menneskeliv i trafikken.

- I fjor vinter stoppa gjerdet 60 prosent av elgen som kom inn mot det. I år har vi forsterka og forbetra gjerdet, fortel forskar Pål Fossland Moa ved Høgskolen i Nord-Trøndelag til Forskning.no.

Påkøyring av elg og rein både på E6 og jarnbana gjennom Indre Namdal er eit stort problem kvar vinter. På 15 år har 69 elg og 57 rein blitt drepne på jarnbanesporet i området der straumgjerdet no vert testa ut. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving