- Kinesarane oppfann skigåing

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er kanskje likevel ikkje nordmenn som er fødde med ski på beina, men kinesarane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: tell.fll.purdue.edu)(Ill: tell.fll.purdue.edu)

Beijing (NTB-Reuters): Fjellmåleri frå steinalderen tyder på at kinesarane oppfann skigåing.

Måleria finst i Altay i den kinesiske regionen Xinjiang. Nyhetsbyrået Xinhua melder at det no er stadfesta at måleria viser menneske som er på jakt med ski på beina. Derfor meiner arkeologane at folk gjekk på ski i Altay-området ein stad mellom ti og tjue tusen år sidan.

- Ekspertane meiner at måleria på fjellveggane er det tidlegaste arkeologiske beviset som viser korleis menneske gjekk på ski og at dei tyder på at skigåing oppsto i Altay, seier Wang Bo, som forskar ved det regionale museet i Xinjiang. (©NTB)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving