Nytt design på Startsida

I går presenterte ABC Startsida nytt design på nettopp Startsida

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Startsida meiner at dei med dette designet gjer kvardagen litt enklare for deg som brukar.

- Vi har ønska å modernisere uttrykket på Startsida, men då i ei brukarvenleg retning. Nytte, kjappheit og enkelheit er stikkorda. Startsida skal først og fremst vere nyttig for brukarane. Og det skal vere enkelt. Blant anna derfor prøver vi å minimere bruken av tung grafikk. Slik beheld brukaren oversikta - og sidene lastast kjapt, seier Espen Udland, administrerande direktør i ABC Startsiden/ Startsida.

Betre oversikt


Blant dei viktigaste endringane er eit eige «A til Å»-felt cirka midt på sida. Her finn du alfabetisk oversikt over Startsida sitt innhold.


Ved å klikke på ønska bokstav, får du opp oversikta over alle tema og kategoriar som byrjar på bokstaven du klikka på.

Hjelp til søk


Søking på Internett kan vere ei utfordring. Tidlegare kunne du klikke på spørsmålsteiknet ved sida av søkefeltet for å få hjelp.


No har vi endra dette, og fra no av vil du finne hjelpeikonet under alle søkjefelta. Å finne informasjon på Internett er lett. Utfordringa ligg i å finne relevant informasjon. Derfor finn du blant anna tips for korleis du kan søkje betre på hjelpesidene.


Andre endringar


Det er gjort fleire andre endringar, av både stor og liten karakter. Blant anna er tekstmenyen øvst på sida, under toppbanneret, fjerna - og venstremenyen er noko endra.

- Vi ønskjer sjølvsagt kontinuerleg å forbetre oss, og vi vil også i framtida stadig lansere forbetringar med omsyn til design. Det er viktig for oss at desse endringane skjer i ei brukarvenleg retning, slik at brukarane får ei positiv oppleving av Startsida, seier Udland.

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving

Personvernpolicy