Like mange studentar som før

Artikkelen fortsetter under annonsen

211.190 studentar var registrerte ved universiteta og høgskolane per 1. oktober i fjor.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Dette er om lag 1.300 fleire enn året før, og studenttalet ligg altså om lag på same nivå som før, melder Statistisk sentralbyrå (SSB). 60 prosent er kvinner.

Høgskolen i Stavanger og Landbrukshøgskolen har fått endra status til universitet. Universitetet i Stavanger og Universitetet for miljø- og biovitskap hadde i fjor haust høvesvis 7.595 og 2.782 studentar.

Det er altså flest kvinnelege studentar. Ved universiteta og dei vitskaplege høgskolane var det 55,7 prosent kvinner, medan det var 62,9 prosent kvinner ved høgskolane.

Halvparten av studentane er i aldersgruppa 19-24 år. 27,7 prosent av mennene og 35,2 prosent av kvinnene var over 30 år og eldre. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving