Kultur er sunt

Forsking viser at musikk lindrar smerte, og at ein lever lengre viss ein er aktiv i kulturlivet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: www.kulta.no )(Foto: www.kulta.no )

Det finst ikkje mykje forsking på området, men det som finst tyder på at kultur er bra for helsa.

To vitskapelege artiklar i Tidsskrift for den norske Lægeforening tek for seg ulike studiar og artiklar der kultur er brukt som verkemiddel i helsearbeid.

Undersøkingar viser at blant folk opp til 70 år gir kulturell aktivitet lavare dødelegheit. Det er også vist at musikk lindrar smerte og dempar angst, og at dans kan førebyggje sjukdom og betre livskvaliteteten hos eldre.

Gjennomgangen av forskingslitteraturen tyder på at det er samanhengar mellom kultur og helse, meiner artikkelforfattarane.

Det er forska ein del på korleis enkeltmenneske og mindre grupper blir påverka av kulturlivet, men få studiar har sett på effekten i heile befolkinga.

På 1990-talet sette den norske regjeringa i gang ei stor satsing på kultur og helsearbeid, og dette synest å ha gitt positive verknader. Men det er ikkje sett igang noko systematisk forsking for å følgje opp tiltaka.

Kjelde: forskning.no

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy