Fotoboks tok traktor i 136 km/t

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bonden Steve Crossman i Wales i Storbritannia gjorde store auge då han nyleg fekk førelegg i posten for å ha køyrt i 136 kilometer i timen forbi ein fotoboks.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: chrishodgephotos.co.uk)(Foto: chrishodgephotos.co.uk)

(NPK): Forundringa kom av at Crossman skulle ha oppnådd den ulovleg høge farta med traktoren sin, ein doning som på ein god dag kan gjere 40 kilometer i timen, fortel nyhendetenesta Ananova.

The Mid and South Wales Safety Camera Partnership, som betener fotoboksen, innrømde straks overfor Crossman at dei nok hadde teke feil av ein av bokstavane i registreringsnummeret. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving