Ingen store skadar etter uvêret i nord

Artikkelen fortsetter under annonsen

Uvêret Narve som utover dagen er venta å kome opp i full storm, har hittil ikkje forårsaka dei heilt store øydeleggingane i Nord-Norge. Men ei rekkje vegstrekningar er stengde.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: frf.usace.army.mil)(Foto: frf.usace.army.mil)

Oslo (NTB):

- Vi har i heile natt hatt bistand frå Heimevernet til å sikre lause gjenstandar, og vi har ikkje fått meldingar om større skadar, seier operasjonsleiar Jarle Marthinsen i Vestfinnmark politidistrikt til NTB.

Uvêret skulle ifølgje meteorologane gå hardast utover Nordland natt til fredag, men heller ikkje på Helgelandskysten har Narve gjort omfattande skade.

- Vi har fått ei rekkje meldingar om lause tak- og veggplater. Spesielt ille var det i Mo i Rana like etter midnatt. Men det er ikkje meldt om personskadar eller om omfattande materielle øydeleggingar, seier operasjonsleiar Roald Kjønnås i Helgeland politidistrikt til NTB.

Resten av politidistrikta i landet melder berre om mindre trafikkuhell.

Uvêret fører til ei rekkje stengde vegar. I morgontimane fredag var E6 stengt over Dovrefjell, Saltfjellet, ved Mo i Rana og mellom Ballangen og Narvik. E12 var stengt i Umubukta i Nordland, i likheit med blant anna riksveg 7 over Hardangervidda og riksveg 13 over Gaularfjell og Vikafjellet. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving