Bybane-suksess i Dublin

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den nye bybanen i Dublin har mange fleire passasjerar enn venta, berre halvtanna år etter at den stod ferdig. No skal banen utvidast.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bybanen LUAS i Dublin opna i juli 2004, og alt no er det planar om å utvida banen. (foto: Øystein Skjæveland)Bybanen LUAS i Dublin opna i juli 2004, og alt no er det planar om å utvida banen. (foto: Øystein Skjæveland)

Trafikkork og bilkøar er eit problem i dei fleste storbyar, og diskusjonen går høgt om korleis ein skal løysa det.
I den irske hovudstaden Dublin var også diskusjonen høglydt før den nye bybanen LUAS opna sommaren 2004.

Men folk strøymer til, og passasjertalet stig over alle spådomar. Over 70 000 menneske reiser no med banen kvar dag.


Nye liner


Det ligg alt føre planar for å utvida banen med fleire nye liner. I dag er det to uavhengige LUAS-liner inn mot sentrum frå kvar sin kant, og planen er å knyta desse saman til 2008.

Konduktør Neil O'Hara har køyrt LUAS sidan starten, og trivst med å køyra stadig fleire passasjerar. (Foto: Øystein Skjæveland)Konduktør Neil O'Hara har køyrt LUAS sidan starten, og trivst med å køyra stadig fleire passasjerar. (Foto: Øystein Skjæveland)

Så skal nye liner byggjast fram mot 2015. Eit togtilbod til flyplassen ligg også inne i planane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Færre bilistar


Sannsynlegvis hjelper bybanen godt på bilkøane i byen. Etter eitt års drift rekna ein at 30 000 tidlegare bilistar no tok banen i staden for.

Samstundes hadde bustadprisane langs bybanen stige med 15 prosent.

Dyrt å byggja


All teksting på bybanen er tospråkleg på irsk og engelsk. (Foto: Øystein Skjæveland)All teksting på bybanen er tospråkleg på irsk og engelsk. (Foto: Øystein Skjæveland)

Men bybanen er likevel ikkje problemfri. Han vart mykje dyrare å byggja enn planen var, og det har også vore tekniske problem med sjølve skjenegangen.

Parlamentsmedlem Gay Mitchell frå Dublin har bede det irske «stortinget» Dáil granska dei tekniske problema. Mitchell har også uttrykt uro over personalpolitikken til det franske selskapet Connex, som driv bybanen i Dublin.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette selskapet hade eit overskot på LUAS-drifta på om lag 2,5 millionar kroner i fjor, skriv nettstaden eircom.net.

I Bergen er bybanen planlagt sørover mot Fana. (illustrasjon: Bybanekontoret i Bergen)I Bergen er bybanen planlagt sørover mot Fana. (illustrasjon: Bybanekontoret i Bergen)

Artikkelen fortsetter under annonsen


Ny vår for trikken?


Tidlegare var det fleire norske byar som hadde trikk eller bybane, men dei siste åra har sterke krefter fått skjenegåande bytrafikk på sakskartet att.

I Bergen skal fyrste spadestikket til den nye bybanen skje alt i år, dersom planane held.

Men bylgjene har gått høgt også der.
Mange hevdar eit utbygd bussnett vil vera betre og billegare, og ein eigen folkeaksjon arbeider for å hindra heile bybanen gjennom ei folkerøysting.

Les meir på nettet:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving