Dronning Sonja vernar av folkemusikken

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Landslaget for Spelemenn er blant dei nye kulturinstitusjonane i landet som får kongeleg vern dei neste fem åra.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: kongehuset.no)(Foto: kongehuset.no)

(NPK): Begge tok nyleg imot den gledelege meldinga og ser det som ei stor ære at Dronning Sonja viser denne interessa for folkemusikken.

Kongefamilien innførte i sommar ei ny ordning med at vervet som høg vernar skulle gjelde for periodar på fem år, med høve til å søkje på nytt deretter.

Dronning Sonja opna Førdefestivalen i 2004 og fekk med seg både opningskonsert, kurs og kunstutstilling under besøket.

No håpar direktør Hilde Bjørkum at det blir fleire kongelege vitjingar i åra framover.

- Vi ventar sjølvsagt ikkje at dronninga har høve til å vere til stades på alle festivalane dei fem åra vervet varer, men vi håpar og trur at ho vil velje å oppleve den flotte festivalstemninga i Førde igjen, seier festivaldirektøren i ei pressemelding.

Sidan 1991 har prinsesse Märtha Louise vore den høge vernaren av Landslaget for Spelemenn (LfS). Dette vervet gjekk ut 1. november. Etter at LfS søkte på nytt, har organisasjonen fått dronninga som sin høge vernar.

H.M. Dronning Sonja har lenge vist at ho har spesielle interesser for musikk, mellom anna gjennom Dronning Sonjas internasjonale musikkonkurranse. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy