Frp-kommunar ut av uføret

For eit år sidan var sju av dei 13 Frp-styrte kommunane sett under økonomisk administrasjon. Nå er alle bortsett frå to kome på rett kjøl, skriv Nationen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: stortinget.no)(Foto: stortinget.no)

Oslo (NTB): Dei Frp-styrte kommunane Ullensaker (Akershus) og Stranda, Sula, Fræna og Ørsta (Møre og Romsdal) har igjen fått råderett over eigen økonomi.

Dermed er Nordreisa i Troms og Austevoll i Hordaland aleine blant Frp-kommunane på Kommunaldepartementet si svarteliste.

Dei Frp-styrte kommunane er ikkje aleine om å kome seg ut av uføret. Kommunaldepartementet sitt Register for begrensa godkjenning og kontroll er redusert frå 124 til 88 kommunar. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy