Stal frå Wikipedia - mista jobben

Ein erfaren avisreporter i avisa Star-Bulletin på Hawaii, fekk sparken etter at det blei avslørt at han hadde stole mykje frå blant anna Wikipedia utan å oppgi kjelde.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er lov å bruke Wikipedia, men ein må innrømme at ein gjer det.Det er lov å bruke Wikipedia, men ein må innrømme at ein gjer det.

Kjendisreportaren Tim Ryan blei avslørt då han skreiv ein artikkel om ei berømt flyulykke som skjedde på Hawaii i 1988.

Forfatteren bak Wikipedia-artikkelen kom over Ryan sin artikkel om emnet, og syntest han minte mistenkeleg om det han sjølv hadde skrive, utan at Wikipedia var oppgitt som kjelde.

Juks


Det viste seg at fleire heile setningar og avsnitt var henta direkte frå Wikipedia, utan at Ryan hadde oppgitt kor han hadde det frå. Dermed såg det ut som om Ryan hadde funne fram til stoffet sjølv.

Det kom fram at Ryan også hadde brukt ei rekkje andre kjelder utan å oppgi dei.


Gløymde å oppgi kjelde


Kven som helst kan i utgangspunktet bruke og sitere stoff frå nettleksikonet Wikipedia, men ein skal alltid oppgi kjelde. Det gløymde altså den røynde kjendisreportaren, og det kosta han til slutt jobben.

Kjelder:



Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy