Morrissey støttar dyrevernsmilits

Kjendiskokkar som Jamie Oliver gjer verda utrygg for dyra, meiner musikaren Morrissey.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artisten Morrissey meiner kjendiskokkar er eit trugsmål mot dyra. (Foto: www.getmetickets.net)Artisten Morrissey meiner kjendiskokkar er eit trugsmål mot dyra. (Foto: www.getmetickets.net)

Morrissey har fått ein del merksemd etter at han har gått ut og gitt si støtte til valdelege dyrevernsorganisasjonar.

På fansida hans, True To You, seier Morrissey at han støttar Animal Rights Militia i England, og at han forstår korfor pelsoppdrettarar og laboratorium-vitskapsfolk blir utsett for vald:

«Det er fordi dei driv med vald sjølve og det er det einaste språket dei forstår - det same prinsippet som gjeld i krig».

Animal Rights Militia er ein 20 år gamal dyrevernsorganisasjon som mellom anna har brukt brannstifting og trugsmål som våpen i kampen mot dyreforsøk.

Proteinmangel?


Eks-Smithsvokalisten Morrissey har i lang tid vore involvert i dyrevernspørsmål, og han lever sjølv som veganar (ein veganar et ikkje kjøt, egg eller fisk eller produkt frå desse fødegruppene).

I september i fjor fekk han Linda McCartney sin minnepris frå dyrevernorganisasjonen PETA for det dei kallar «gode gjerningar, som til dømes utgjevnaden av albumet Meat is Murder i 1985».

Albumet Meat Is Murder kom ut i 1985. Morrissey har ikkje skifta meining om kjøt sidan då. (Foto: jewbox.freeblog.hu)Albumet Meat Is Murder kom ut i 1985. Morrissey har ikkje skifta meining om kjøt sidan då. (Foto: jewbox.freeblog.hu)

Morrissey har sagt om dei engelske kjendiskokkane Jamie Oliver og Clarissa Dickson-Wright, at med «folk som dei i verda, er det ikkje mykje håp for dyra».

Dickson-Wright på si side kommenterer utspelet til Morrissey på følgjande måte: «Han er truleg i svime grunna proteinmangel».

Kjelder: femalefirst.co.uk og wikipedia

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy