Columbus kan ha vore pirat

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mannen som har fått æra for å ha oppdaga Amerika, Kristoffer Columbus, var kan hende slett ikkje den italienske heidersmannen han har vore kjent som.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: thebahamasguide.com)(Foto: thebahamasguide.com)

(NPK):
No trur spanske forskarar at oppdagaren i røynda var piraten Cristofol Colom frå Catalonia, og at det fine italienske opphavet var eit påfunn for å dekkje over ei heller tvilsam fortid som pirat og konspiratør mot spanskekongen.

Det er forskarar ved universitetet i Granada i Sør-Spania som trur dette.

DNA frå leivingane til sonen til Columbus, Hernando, som ligg i katedralen i Sevilla, skal no samanliknast med DNA frå nolevande personar med Colom til etternamn for å avsløre eit eventuelt slektskap.

Det skriv den sørafrikanske avisa The Sunday Independent. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving