Stor studie støttar statens kosthaldsråd

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein stor amerikansk studie støttar dei norske offisielle kosthaldsråda om at lite feitt, grovt brød og mykje frukt og grønt ikkje fører til vektauke.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(europa.eu.int)(europa.eu.int)

(NPK): Bortimot 50.000 kvinner i alderen 50 til 79 år deltok i studien, som hadde til mål å finne ut korleis kosthaldet kan påverke brystkreft, tarmkreft og hjarte- og karsjukdommar. Det var ikkje eit mål at kvinnene skulle gå ned i vekt.

Eit tilfeldig utval på 30.000 av kvinnene fekk allmenn informasjon. Dei andre fekk ei grundigare gruppeundervisning, der målet var å minske inntaket av feitt (særleg meitta feitt) med cirka 20 prosent og auke inntaket av grove kornprodukt, frukt og grønsaker. Det reduserte feittinntaket skulle erstattast med auka inntak av karbohydrat.

Dei som reduserte inntaket av feitt og åt meir frukt og grønt auka ikkje vekta samanlikna med kontrollgruppa. Dei som fekk kosthaldsråd gjekk ned om lag to kilo det første året, men etter sju og eit halvt år var skilnaden berre 0,4 kilo samanlikna med kontrollgruppa som ikkje forandra kosthaldet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det var klar samanheng mellom kor mykje kvinnene klarde å minske feittinntaket og kor mykje dei gjekk ned i vekt. Dei som auka inntaklet av frukt og grønsaker med meir enn to porsjonar om dagen gjekk meir ned i vekt enn gjennomsnittet.

Den store koststudien er offentleggjort i Journal of American Medical Association (JAMA). (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving