Svenske røykjarar glade for røykjeforbod

Ni av ti svenskar er positive til røykjeforbodet som er innført på utestader. Sjølv røykjarane støttar forbodet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: ht.no)(Foto: ht.no)

Stockholm (NTB):

Sju av ti svenske røykjarar er positive til at røyking ikkje lenger er tillate på restaurantar, viser ei fersk meiningsmåling utført på oppdrag for det svenske folkehelseinstituttet.

To av tre røykjarar er også glade for å sleppe røyk på pubar og barar, mens kvar femte røykjar meiner at det burde ha vore tillate å røykje på slike stader, skriv Aftonbladet.

Heile 98 prosent av dei svenske røykjarane seier at dei respekterer røykjeforbodet på som er innført på restaurantar. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy