Lovar storsatsing på geriatri

Artikkelen fortsetter under annonsen

Helse- og omsorgsdepartementet lovar å satse monaleg meir pengar på forsking innanfor geriatri i samarbeid med Norsk Pensjonistforbund (NPF).

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: afixe.weblog.com.pt)(Foto: afixe.weblog.com.pt)

(NPK): Det opplyste statssekretær Rigmor Aaserud på ei tilstelling i Oslo nyleg. Regjeringa har ingen konkrete tal klare, men Aaserud sa at tala blir kunngjort i omsorgsmeldinga som blir offentleggjort av departementet ved påsketider.

- Pengane skal brukast til nytteforsking som kan gje ny kunnskap i møte med eldrebølgja. Den gjennomsnittlege levealderen stig stadig, medan forskinga på helsa til dei eldre ikkje blir prioritert i like stor grad, seier Aaserud.

Norsk Pensjonistforbund har teke initiativet til å få fart på geriatriforskinga, og har ytt ein halv million kroner til dette forskingsprosjektet. (NPK)


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving