Lesbiske røykjer mest

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nesten dobbelt så mange lesbiske som heterofile kvinner røykjer. 42 prosent av lesbene røykjer mot 27 prosent av kvinnene i befolkninga elles.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: www.bhf.org.uk)(Foto: www.bhf.org.uk)

Oslo (NTB): Kari Huseby, avdelingsleiar i Sosial- og helsedirektoratet si avdeling for tobakk, seier at direktoratet ikkje har vært merksam på dette, skriv homsebladet Blikk.

Karl Erik Lund, forskar ved Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) er ikkje overraska over at lesbiske er overrepresenterte blant røykjarar.

- Det er lite norsk forsking rundt temaet, men amerikanske data viser det same. Der er segmentet også så stort at tobakksindustrien no vender seg spesielt til lesbiske og homofile for å påvirke dei til å byrje å røykje. Årsaka til at lesbiske kvinner røykjer så mykje meir enn heterofile kvinner trur eg er nærliggjande. Sigarettar vert brukte som stressmestring, ein overlevelsesstrategi, seier Lund til Aftenposten.

Leiar Rolf Angeltvedt i Helseutvalget for homofile seier til Blikk at han ser på vald, høyt forbruk av hasj i forhold til resten av befolkninga, og anna type tyngre rus, som eit større problem enn røyking, men han er likevel ikkje fremmed for å skipe til røykjesluttkurs for homofile. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving