Huda utapå bøkene

Artikkelen fortsetter under annonsen

Du trur sikkert at overskrifta peikar på kjensleg litteratur med hjerte og smerte, så inderleg at det kjenst som dei har hud. Men dei har hud. Menneskehud.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: gutenberg.org)(Foto: gutenberg.org)

Skinninnbundne bøker, flotte greier eller kva? Noko litt anna blir det når ein veit at skinnet er frå menneske.

I følgje Dagsavisen skjuler fleire av USA sine mest velrenommerte bibliotek makabre bokskattar.


Ikkje uvanleg


Å binde inn bøker med menneskehud var ikkje så uvanleg for nokre århundre sidan.

Nokre av bøkene tilhøyrte legar som hadde tilgang på amputerte kroppsdelar eller hud frå pasientar ingen gjorde krav på.

Henretta fangar og lik frå fattighusa kunne også risikere å få evig liv på denne måten.


Harvard


Biblioteket ved det kjende Harvard-universitetet i Massachusetts er ein av stadene ein finn bøker med omslag av menneskehud.

Også Browns John Hay-biblioteket i Rhode Island har nokre eksemplar. Der finn ein tre slike bøker, som riktignok berre er tilgjengelege for vitskapsfolk.


Passande tema


Den eine makabre boka av dette slaget ein finn på Brown John Hay- biblioteket, er anatomitekstane til den belgiske kirurgen Andreas Vesalius frå 1568. Dessutan finn ein to over 100 år gamle utgåver av Dødsdansen, ei moralforteljing frå middelalderen.

Vasstett


I følgje Aftenposten blei menneskehud brukt fordi den var billeg, haldbar og vasstett.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving