Bygdisar og byfolk: Kan vi ikkje møtast på bygda?

Ida-Sofie Solberg Stryken, agronom og forfattarstudent, lurer på kvifor det er så mange bønder i byen. - Kan vi ikkje møtast på bygda i staden?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kvifor er det ikkje skrivekunstakademi i Norheimsund, undrar Ida-Sofie Solberg Stryken. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)Kvifor er det ikkje skrivekunstakademi i Norheimsund, undrar Ida-Sofie Solberg Stryken. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)

Namn:

Ida-Sofie Solberg Stryken, 28 år, student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland


Bur no:

I Norheimsund, Hardanger


Utdanning:

Agronom i økologisk jordbruk. Kunstskulen i Bergen.


Har budd:

Vaks opp i Lillehammer, i bustadfelt. Budd to år i Bergen, pluss diverse mindre stader og bygder.

Barn:

Son, 4 år.


- Korleis var det å bu på Lillehammer?


- Eg hadde aldri noko ønske om å bu i byen då eg budde på Lillehammer. Alle venene mine reiste til Oslo etter vidaregåande, men eg ville ikkje til ein storby. Eg ville vekk frå Lillehammer, det føltes trangt der.

- Men eg har også gode erfaringar med Lillehammer som by. Men eg tenkte ikkje på at eg budde i ein by då eg budde der, der eg budde, er det vel verken bygd eller by.


- Enn i Bergen?


- Eg kom til Bergen då eg var 18 år, og blei i to år, men treivst aldri i byen. Eg syntest det var vanskeleg å bu der. Eg oppfatta det som utrygt og einsamt. Mange 18-åringar vil sikkert bli overvelda over alle moglegheitene i byen, men eg blei overvelda og lamma.

- Eg såg moglegheitene, men skjønte ikkje heilt korleis eg skulle nytte dei. Eg følte byen meir som eit stengsel for det eg ville gjere enn som ei startgrop eller ei moglegheit. Eg kunne sjå at Bergen var ein fin by, ein vakker og trygg by, men eg lengta heile tida vekk.

- Eg er mykje i byen no, og har mykje meir fint å seie om byen enn eg hadde då eg var 18. Det eg set størst pris på med byen no, er heilt klart menneska. Tenk alle ein kan bli kjent med! Eg kjenner også mange fine folk som bur i byen, men eg kunne ikkje tenkje meg å bu i byen no, og i alle høve ikkje med barn.

- Korleis er det i Norheimsund?


- Eg slappar av her. Eg liker å ha luft rundt meg. Eg liker å kjenne igjen dei som jobbar på butikken og på posten, og at dei helser på meg på gata. Eg liker å ha oversikt over nærmiljøet mitt. Dessutan er eg heilt avhengig av å bu såpass nærme naturen som no.

- Det eg ikkje likar, er at ein er så prisgiven dei få menneska som finst i bygda, slik at om ein ikkje får innpass, vert ein overlaten til seg sjølv. Det finst ikkje noko alternativ å søkje til.

- Korleis synest du folk forheld seg til kvarandre i bygda i forhold til i byen?

- Eg synest folk er mykje meir avslappa på bygda. Når vi er så få, er det meir gjennomsiktig. Det er vanskeligare å ikkje bry seg. I byen er det veldig lett å ikkje bry seg. Eg trivst best med å måtte forhalde meg til dei eg ser.


- Er det noko du saknar i Norheimsund, som du finn i byen?


- Det er ein del kulturtilbod som aldri kjem seg ut på bygda, sjølv om eg vil understreke at det er mykje som skjer her. Kvifor er det ikkje skrivekunstakademi her, til dømes? Eg skulle gjerne ha gått på Skrivekunstakademiet i Norheimsund!

- Det kan bli litt glissent med folk iblant óg, vanskeleg å samle dei heilt store folkemengdene. Det er ikkje alltid ein finn nokon ein kan dele det ein er interessert i med. Men det er det no ikkje sikkert at ein gjer i byen heller.

- Det er så mykje bygdefolk i byen. Kvifor kan vi ikkje samlast på bygdene i staden? Kvifor må ein flytte til byen for å halde på med noko ein synast er interessant?

I dei to forrige episodane av Bygdisar og byfolk møtte vi forfattaren Olaug Nilssen frå Solheimsdalen, og båtbyggjaren Måns Johnsson frå Stockholm.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy