Mexico vil ha tilbake Moctezumas fjør

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mexico gjer nok ein gong eit forsøk på å få tilbake hovudpryden til aztekerhøvdingen Moctezuma, som i dag er å finne på eit museum i Wien.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: wanadoo.fr)(Foto: wanadoo.fr)

Mexico by (NTB-AFP):

Mexicos president Vicente Fox retta den første førespurnaden til Austerrike i mai 2005, men fjørpryden til Moctezuma er framleis å finne på det etnografiske museet i Wien.

Mexicanske indianergrupper har stilt seg bak kravet om tilbakelevering, og får no aukande støtte frå politisk hald.

Den mexicanske nasjonalforsamlinga ba tysdag Fox om å gjere eit nytt framstøt overfor austerrikske myndigheiter, og krevje aztekerhøvdingen sin hovudpryd i retur.

Ifølge historikarane herska Moctezuma i aztekerane sin hovudstad Tenochitlan frå 1466 til 1520, og ga sjølv hovudpryden - som er laga av fjør frå quetzal-fuglen - til den spanske conquistadoren Hernan Cortes.

Cortes skal ha sendt trofeet til keiser Karl V, og på slutten av 1600-tallet fann aztekerhøvdingen sine fjør vegen til Austerrike. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving