Sørkoreansk forskar bløffa om stamceller

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den sørkoreanske forskaren Hwang Woo-suk revolusjonerte verken kloningsteknologien eller stamcelleforskinga, sjølv om han greidde å klone fram hunden Snuppy.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Seoul (NTB-Reuters):
Ein vitenskapeleg komité ved nasjonaluniversitetet i Sør-Korea sin hovedstad Seoul, som den siste månaden har granska skandalen rundt den 53 år gamle forskaren, avfeiar no to av dei mest sentrale forskingsrapportane hans som oppspinn.

Den eine rapporten frå 2004 omhandlar kloning av ei befrukta menneskeleg eggcelle i forskingsøyemed.

I den andre rapporten, som blei offentleggjort i fjor, hevda Hwang å ha dyrka fram eit genetisk spesifisert vev som kunne brukast til å reparere skadar i ryggmargen og andre delar av menneskekroppen.

Granskingskomiteen slår fast at Hwang greidde å klone fram hunden Snuppy, som Time magazine kåra til årets oppfinning i 2005, men avviser at dette var et gjennombrot innan kloningsteknologien.

Hwang revolusjonerte heller ikkje stamcelleforskinga slik han sjølv hevda, lyder konklusjonen til granskarane. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving