Kine Hellebust: «Ho Kirsti og eg»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kine Hellebust har skrive ei bok som syner at røynda mange gonger er vel så fantasifull som fiksjonen. Historiene er basert på forfattaren sin oppvekst i Harstad.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Ho Kirsti og eg»


av Kine Hellebust,
illustrert av Sissel Horndal
(Det Norske Samlaget, 2005)

Dei to jentene Trine og Kirsti er bestevenninner i sjuårsalderen som leiker med kvarandre frå dei står opp til dei legg seg. Faren til Kirsti er fengselsvakt, og den store draumen til jentene er å ein gong få vere med han inn i fengselet.


Ingen Play Station


I denne historia finst det ingen Play Station, mobiltelefon eller mp3-spelarar. For dei vaksne, som er i stand til å tidfeste denne boka ut frå alderen til forfattaren, kjem gjerne det ikkje som noka overrasking.

Dei yngre lesarane trur eg kanskje rett og slett ikkje legg merke til det, for dagane til Trine og Kirsti er fulle av leik og oppdaging, drama, redsel og latter. Dei leikar i trappeoppgangen, på fortauet og i skuggane til dei vaksne, ofte havnar dei på plassar og i situasjonar dei strengt tatt ikkje burde.

Som til dømes den gongen Trine rotar seg vekk i ein bakgård kor ho får eit svært dramatisk møt med ei tørkesnor. Då er det så ein reint fysisk kan kjenne kor skummelt det er å vere barn som har kome vekk frå den vaksne omsorgen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen



Det verkelege barnelivet


For meg er det nett dette som er boka sin styrke. I fraværet av all ytre kommersielle påverknad, så er det her det verkelege barnelivet me får vere med om. For Trine er det viktigare enn noko å bli like flink til å nikke med ball som Kirsti er, og når Kirsti byrjar på skulen eitt år før ho sjølv, ja så kjennast det som om verda held på å gå under. Slikt kan ungar kjenne seg att i, uansett kva tidsalder dei har vakse opp i.

«Ho Kirsti og eg» er skrive på nynorsk. Det vil seie, alle replikkane i boka er skrive på Harstaddialekt. Etter å ha lese ei stund, opplevde eg at alt «høyrdest» nordnorsk ut opp i hovudet mitt. Det var nokså kjekt.

«Ho Kirsti og eg» er ei fin og levande barnebok som får fire raude eple av seks mulege. «Ho Kirsti og eg» er ei fin og levande barnebok som får fire raude eple av seks mulege.

Dette er ei levande og forfriskande bok om barn for barn i grunnskulealder.

Fire av seks mulege eple til Kine Hellebust og «Ho Kirsti og eg».


Meir litteratur i Neste Klikk:

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving