Lærer om læring av songfuglar

Forskarar ved delstatsuniversitetet i New Jersey i USA har funne staden i hjernen der fuglar lagrar minnet om songen til foreldra.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: birdlife.org)(Foto: birdlife.org)

(NPK): Funna gjev neurobiologisk bevis for at også menneske lærer å snakke ved å imitere foreldra på liknande vis, ifølgje forskarane. Dermed kan vidare studie av fuglar lære oss meir om korleis menneske utviklar taledugleiken sin.

Fuglane lagrar først notane i ein del av hjernen knytt til høyrsla. I neste omgang prøver ungane seg på å etterape lydane til foreldra, klossete i første omgang, etter kvart perfekt, nokre gongar også inkludert improviserte element, viser studien.

Fuglane kan til og med lære å imitere andre artar.

Studien er publisert i Proceedings of the National Academy of Sciences. I forsøka brukte forskarane australsk zebrafink som formeirer seg raskt og året rundt. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy