Varm desember i ishavet
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(NPK): Middeltemperaturane på Svalbard, Bjørnøya og Hopen var fem grader over normalen i desember, viser statistikken til Meteorologisk institutt.
Med unntak av nokre få stader var middeltemperaturen over det normale også på fastlandet, mange stader så mykje som tre grader.
Med få unntak fekk mesteparten av landet også mindre nedbør enn det som er normalt for desember. (NPK)