Fekk 70 kg reklame på eitt år

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hans Olaf Sørum i Larvik tok vare på all reklamen som dukka opp i postkassen hans i løpet av heile 2005.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill. foto: Ragnhild Margretha Taranger)(Ill. foto: Ragnhild Margretha Taranger)

Sørum var irritert på all den uadresserte reklamen, og ville finne ut kor mykje han faktisk fekk på eit heilt år.

Privat papirinnsamling


Papirinnsamlinga tok til fyrste januar i fjor, i følgje Østlandsposten. Sørum tok var på all reklamen som kom i poskassa, inkludert innstikk i avisene.

Fyrste januar i år vog han stablane som tårna seg opp i kjellaren, og fann ut at 68,8 kilo papir hadde funne vegen ned i postkassa hans igjennom året.


Ein halv kilo i månaden


Dette betyr at Sørum, og dei fleste andre, i gjennomsnitt får ca ein halv kilo reklame ned i postkassa kvar månad. Og vanlegvis går alt rett i søpla. Fjorårets reklamelass er no også køyrt på fyllinga.

- Dette er jo ei utruleg sløsing med ressursar. Tenk kor mykje det er når ein gangar det med alle husstandande i Larvik, påpeikar Sørum overfor Østlandsposten.


Større lapp


Sørum har fått eit lite klistremerke der det står «Reklame, nei takk». Men merket er for lite, synest han. Han vil helst ikkje ha meir reklame, og skal no settje opp ein stor og tydeleg lapp.

Les meir på nettet:

  • Grønn hverdag

    har tips om kva du kan gjere for å unngå uønska reklame.

ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving