Vi viser deg korleis du kan finne fram på Internett

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å finne fram på Internett

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Å finne fram på Internett kan til tider framstå som den reinaste ekstremsporten for dei uinnvigde.

Det er ein jungel der ute, og på same måten som du treng kart og kompass for å orientere deg i jungelen, treng du også hjelpemiddel på Internett.

Mange av oss har ikkje den ringaste aning om kor vi skal byrje å leite, noko som ikkje er det minste rart.

Korleis finn du for eksempel ut kor mange filmar Aksel Hennie har vore med i, eller om planten Amaryllis treng mykje eller lite vatn?

Å bla seg frem manuelt til sidene vil vere ein jobb som krev vekevis med ferie, bøtter med kaffi og tålmodet til ein engel.

Det seier seg sjølv at det ikkje er ein jobb for normale menneske som deg og meg.

Du treng et verktøy - et verktøy som hjelper deg å finne fram til ønska informasjon. Vi snakkar sjølvsagt om eit søkjeverktøy, og dersom du har brukt Internett ei stund, veit du antakeleg hva jeg snakker om.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Søking på Startsida

Startsida finst ei samling søkjeverktøy som vi har kalla

ABCsøk

. Desse lar deg søkje i fleire ulike kategoriar, som er lett tilgjengelege med eit enkelt museklikk. Oppdelinga i kategoriar gjer at du kan søkje meir spesialisert etter det du er ute etter.


Etter at du har skrive inn ønska søkjeord og klikka på

Søk

, vert resultata presenterte i ABCsøk.

Øverst på denne sida finn du såkalla arkfanar. Desse inneheld dei same kategoriane som på forsida av Startsida (sjå biletet over).

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Eg skal no gjennomgå dei ulike kategoriane.

Noreg


I denne kategorien søkjer du blant Startsidas 80 000 peikaroppføringar. Kvar einaste peikar er gjennomgått, kvalitetsvurdert og godkjent av ein redaksjon. Resultata herfrå held derfor ein høgare kvalitet enn dei fleste andre søk. Viktigheita av dette må ikkje undervurderast, for noko av problemet med søking på nettet, er den varierande kvaliteten på søkjetreffa.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Verda


Når du vel å søkje i verda, bruker du Google, som du sikkert har høyrt om. Google er per dags dato framleis den søkjemotoren som gir flest treff.

Tlf 1881


Søket bruker databasen til Opplysningen 1881. Dei er Norges desidert største aktør på nummeropplysning, og har landets mest oppdaterte database, tilgjengeleg 24 timar i døgnet.

Shopping


Søket er kobla opp mot prissammenlikningstjenesta DinPris. Tjenesta er ei objektiv og uavhengig produkt- og prissamanlikningsteneste som hjelper deg med å finne riktig produkt, riktig pris og riktig butikk på nettet.

Her kan du finne alt mellom himmel og jord: blomar, mobiltelefonar, spel, briller, flatskjerm-TV'ar, sminke, kamera, hageverktøy, musikkinstrument, filmar, snacks - kort sagt alt du kan tenkje deg å kjøpe på nett.

Nyheiter


Nyhetssøket lar deg søkje frå norske nettaviser og andre nyheitskjelder. Per i dag vert det henta informasjon frå 95 kilder.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Emne


Dersom du er ute etter ei samling nettstader for å finne informasjon om eit generelt tema anbefaler eg ABCSøk: Emne. Dette er eit emnesøk i ABC Startsida sin emnekatalog over nettstader, og her vil du finne kategoriar som dekkjer dei fleste tema.

Bedrift


Bedriftssøket bruker 1881 sin firmadatabase. Søkeresultata kjem med telefonnummer, adresse og webadresse for dei som har det.

Kart


Kartsøket bruker kartsøket og veivisningstjenesta til 1881. Du kan søkje på navn, adresse, postnummer, kommune med meir.

Oversett til nynorsk av Ragnhild Margretha Taranger.

Les meir i Neste Klikk:
Nett Nett

Nett

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving