Kvifor større puppar?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit forskingsprosjekt ved Universitetet i Tromsø skal finne ut kvifor nordnorske kvinner legg seg på operasjonsbordet for å fikse på kroppen sin, melder NRK Nordnytt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: masti4india.com)(Foto: masti4india.com)

(NPK): Prosjektet skal byggje på ei spørjegransking blant 2.500 nordnorske kvinner.

Stadig fleire kvinner tek plastiske operasjonar. Er det berre for å sjå betre ut, eller kan det liggje psykososiale årsaker bak? Det skal det femårige prosjektet freiste finne svar på.

Prosjektleiar Tore Sørlie meiner fleire kvinner kunne ha spart utgiftene og smertene som følgjer med ein plastisk operasjon. Han trur hjelp frå psykolog i mange tilfelle kunne gjort betre nytte. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving