Reineigarar hevdar ørn tok 2.000 dyr

Artikkelen fortsetter under annonsen

Norske reineigarar fekk i fjor utbetalt erstatning frå staten for 2.000 dyr som de hevdar blei drepne av kongeørn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: unep-wcmc.org)(Foto: unep-wcmc.org)

Oslo (NTB): Til saman fekk reineigarane utbetalt 26,4 millionar kroner for 11.400 tamrein som dei meiner er drepne av ørn og anna rovvilt fra 1. april 2004 til 1. april 2005, skriv VG.

Ifølgje avisa er 2.000 rein oppgitt å vere drepne av kongeørn.

Rovfuglforskar Per J. Tømmeraas trekkjer talet kraftig i tvil.

- Det er ikkje mer enn fire år sidan at eit titall kongeørnpar skulle ha teke heile 15.000 rein på Finnmarksvidda aleine. Tallet hadde ikkje noko med røynda å gjere. Det dreidde seg om å skaffe pengar til reindriftsnæringa, ikkje om biologi, seier han.

Ifølgje Tømmeraas vil det sjølv for ei kongeørn på 5 kilo vere for farleg å angripe ein vaksen rein, sjølv om han medgir at rovfuglen nok kan drepe ein og annan kalv.

Rovviltkonsulent Paul Nilsen hos Fylkesmannen i Finnmark vil ikkje svare på spørsmålet frå VG om det er for enkelt å få erstatning for tapte dyr. I staden gjer han det klart at alle søknader blir behandla i samsvar med forskriftene. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving