Stones for gamle for Stones-konsert

The Rolling Stones har halde koken på rockescena i meir enn 40 år, men no er dei for gamle til å kome inn på sin eigen konsert i Detroit i USA den 5. februar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Der slepp nemleg ingen over 45 år inn, fortel The Guardian.

Dei godt vaksne rockarane skal nemleg sørgje for pauseunderhaldninga under årets amerikanske fotballfinale, Super Bowl, i Detroit.

Arrangøren har innført øvre aldersgrense fordi dei 2000 publikummarane må stå klare i ein underjordisk tunnel under første omgang før dei skal springe ut på plassen framfor scenen der dei er venta å danse og juble framfor over 100 millionar tv-sjåarar.

Dette meiner altså arrangøren kan vere i overkant fysisk utfordrande for dei over 45, som heller får ty til mindre strabasiøse plassar framfor tv-apparatet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving



Personvernpolicy