Trur at korrupsjon er vanleg i kommunen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nesten åtte av ti nordmenn trur at det foregår korrupsjon i det offentlege Noreg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Ill: odin.dep.no)(Ill: odin.dep.no)

(NPK): Berre kvar tiande nordmann har stor tillit til at styresmaktene evnar å avsløre korrupsjon.

Meiningsmålinga er gjort av Opinion for Aftenposten og viser at 78 prosent meiner at korrupsjon foregår i «stor grad».

Leiaren av antikorrupsjons-
organisasjonen Transparency International Norge, Jan Borgen seier til avisa at dette stemmer godt med dei tala dei sjølve har fått fram i liknande undersøkingar.

Heller ikkje assisterande Økokrim-sjef Trond Eirik Schea er overraska over at folk trur at korrupsjon er såpass vanleg i Noreg. Han meiner elles at folk i dei omgjevnadene korrupsjonen skjer må bera eit stort ansvar for å avdekkje korrupsjonen.

- I dei korrupsjonssakene Økokrim har avdekt er det slåande å sjå kor mange som truleg har visst noko utan å seia frå, seier Schea.

Jan Borgen har lite tillit til dei som skal ta avgjerdene på kommunalt nivå. Han meiner det er eit problem at kommunalt tislette ofte ikkje veit kor grensa går for korrupt og korrumpert åtferd.

Administrerande direktør Olav Ulleren i Kommunenes Sentralforbund seier til Kommunal Rapport at innkjøparane i kommunane treng betre opplæring og betre rutinar.

Han fastslår at kommunane har eit problem med omdømmet, men meiner at korrupsjon berre skjer i «liten grad». (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving