Nikotinplaster kan gje misdanning på fosteret

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gravide kvinner med røykjetrong bør ikkje bruke nikotinplaster og andre erstatningsprodukt, da det aukar risikoen for at barnet blir født med skader.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: crystalinks.com)(Foto: crystalinks.com)

(NPK): Nesten 77.000 danske kvinner har delteke i ei internasjonal undersøking av samanhengen mellom graviditet, tobakk og erstatningsprodukt.

20.603 foster var utsette for tobakk via mødrene, og forskarane fann at risikoen for misdanning av fosteret var monaleg større der mødrene hadde brukt nikotinplaster eller -tyggjegummi.

Det er særleg dei første tolv vekene som er kritiske slik sett. Dei barna som vart fødd av kvinner som røykte hadde ikkje fleire misdanningar enn gjennomsnittet, skriv Jyllands-Posten.

Analysane er utført ved Syddansk Universitet og Aarhus Universitet i samarbeid med spanske og kaliforniske kollegaer. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving