Fred. Olsen sel Munch-bilete

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skipsreiar Fred. Olsen sel minst tolv av Munch-verka sine på auksjon hos Sotheby's i London 7. februar. Salet vil truleg bringe inn nærmare 100 millionar kroner.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: online.no)(Foto: online.no)

Oslo (NTB): - Eg er oppvaksen med Munch på veggane og har sett desse bileta sidan eg var ein liten gut. Eg kjenner dei heilt utanåt. Etter kvart er det blitt vanskelegare å ha dei på veggen. Det er eit spørsmål om både sikkerheit og skatt, seier Olsen til Dagens Næringsliv.

Han seier han har drøfta salet med barna sine, og tilstår at den lange feiden med broren Petter om Munch-verka som far deira, Thomas Olsen etterlet seg, har vore ein medvirkande årsak til avgjersla om å selje.

Munch-verka som skal seljast, har vore i familien sitt eige sidan 1930-tallet. Sjølv om dei er ein mindre del av Fred. Olsen si Munch-samling, er salet truleg det største frå éi og same samling sidan mellomkrigstida.

Eit av bileta som skal seljast er ifølje Dagens Næringsliv «Omfavnelse på stranden» frå 1904. (©NTB)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving