Toril Hjartåker Hauge: «Den lange vegen til likeglede»

Også i den andre boka si skriv Toril Hjartåker Hauge om den vanskelege kjærleiken.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Den lange vegen til likeglede»


Toril Hjartåker Hauge
(Samlaget, 2005)

Frøydis, Jan og Arnvid er gamle kjende frå universitetet. Jan, som no er uiversitetslektor, les i avisa at «Übel aber egal», det tyske favorittbandet deira frå studietida skal ha comeback.

Dette set i gang ei reise til Tyskland, og ei gjenforeining mellom tre vener, som det skal vise seg har delt meir enn bøker og filosofiske diskusjonar.

Katastrofe


Ein fjerde person, danselæraren Dordi, blir dregen inn og med på turen, som på inga måte blir særleg vellukka, og for Dordi blir turen katastrofal.

Bortsett frå den ganske dramatiske ytre handlinga i boka, skjer det også mykje på eit personleg, filosofisk plan. Det handlar mykje om Frøydis og Jan, og forholdet deira gjennom fleire år.

Med utgangspunkt i diskusjonane mellom dei tre studentane allereie på ex. phil., handlar det mykje om vilje og makt, og om å vere eit objekt for andre.

Kvinna som objekt


Det handlar også om å drikke for mykje, og om ei kvinnerolle. Frøydis gjer seg tankar om kvinna som objekt i kulturen, samstundes som ho sjølv føler at ho ikkje finst utan å bli bekrefta utanfrå.

«Alt ho ville, var å ha ein annan kropp der, så ho kunne kjenna sin eigen. Ein eller annan kropp, hende det at ho tenkte, og misunnte kattane som kunne kneka seg inntil dei mest framande beina utan anna orsaking enn at dei var dyr.»

I byrjinga er boka litt morosam, men etterkvart blir det mest tragisk og klaustrofobisk. Slik kan forhold også vere, men eg lurer på om ikkje desse tre hadde det noko kjekt i lag før i tida.

At dei har eit felles favorittband som ingen andre har høyrt om, tyder på at den fellesskapen dei ein gong hadde, hadde meir i seg enn det tragiske. Kanskje det kunne ha kome meir fram i boka, som kontrast til elendigheita?

Likeglede


Kva er dessutan likeglede? Er det det same som likesæle? Er det noko ein ønskjer seg i livet? Drikk Frøydis for å bli likeglad? Ein tysk forfattar, Sibylle Berg, har skrive at det å vere ung er så sterkt at det ikkje er mogleg utan bedøvelse. Er det å bli vaksen det same som å greie å distansere seg frå verda, beskytte seg mot ho?

Tre av seks eple til Den lange vegen til likegledeTre av seks eple til Den lange vegen til likeglede

Denne romanen har eit godt språk, og tek opp vanskelege ting på ein inntrengande måte. Men den blir litt rotete og ubalansert i all si elendigheit.


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy