Fruekyrkja i Dresden - plastisk kirurgi?

Artikkelen fortsetter under annonsen

I mange tiår sto ruinen av «die Frauenkirche» midt i den vakre byen ved Elben, som eit monument over den meiningslause krigen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sånn sto ruinen i 50 år, som eit symbol på dei meiningsløyse øydeleggjingane. (Foto: frauenkirche-dresden.org)Sånn sto ruinen i 50 år, som eit symbol på dei meiningsløyse øydeleggjingane. (Foto: frauenkirche-dresden.org)

Ingen veit kor mange som mista livet då Dresden blei bomba sønder og saman av amerikanske og engelske bombefly i 1945.

To dagar etter bombinga raste den karakteristiske, svære kuppelen på Fruekyrkja saman. I mange tiår låg ruinhaugen frå kyrkja midt i byen, som eit monument over den meiningslause krigen. Kyrkja blei etterkvart eit symbol for den østtyske fredsrørsla.

No er den staselege barokkyrkja bygd opp igjen, ved hjelp av støtte frå næringsliv og privatpersonar.


Ein suksess


No står kyrkja der igjen, meint som eit symbol på fred og forsoning. Men verkar det? (Foto: sights-and-culture.com)No står kyrkja der igjen, meint som eit symbol på fred og forsoning. Men verkar det? (Foto: sights-and-culture.com)

Etter at Fruekyrkja blei gjeninnvigd 30. oktober i fjor, har folk strøymt til både frå Tyskland og resten av Europa. I 2006 er det allereie booka inn vigslar og dåpar så det ikkje er plass til fleire. Konsertar, gudstenester og korøvingar er det også heile tida. Kyrkja er altså ein suksess, som folk synest å ha lengta etter og trengt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men er ho for fin? Er det å glatte over fortida at Fruekyrkja no står der som ho gjorde for over 60 år sidan? Kunne den dramatiske historia ha vore gjort meir synleg i gjenoppbygginga?

Når eg nemner Fruekyrkja til folk eg møter, har alle ei meining om ho.


Synd at ruinen er vekk


Tømraren Axel Weller (37) og journalisten Christiane Hanna Luft (28) meiner begge at gjenoppbygginga ikkje var naudsynt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg synest det er veldig synd at ruinen er vekk, seier Weller. - Den store

Axel Weller og Christiane Hanna Luft synest ruinen skulle fått stå. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)Axel Weller og Christiane Hanna Luft synest ruinen skulle fått stå. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)

ruinhaugen midt i byen var eit mektig minnesmerke for krigen, det mest imponerande eg har sett. Ingen som såg ruinen av Fruekyrkja, kunne gløyme kva som hadde skjedd.

For vakkert arr


- Det var mykje diskusjon om ein skulle eller ikkje i byrjinga, men etter kvart som arbeidet steig fram, var «alle» for det, seier Luft.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Men er det ikkje naturleg at ein vil ha den fine byen tilbake, og at ein vil at såra frå det som skjedde skal gro?

- Jau, slik er det, men eg synest at arret er for fint etter såret. Det synst ikkje at det har vore eit sår der. Det er kosmetisk kirurgi, juks, forskjønning av den grufulle historia, meiner Luft.

Let seg imponere


No er siluetten av Dresden som før. Men er det rett? (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)No er siluetten av Dresden som før. Men er det rett? (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)

Johanna Kalix (41) driv puben Trotzdem i den sjarmerande bydelen Neustadt. Ho har vore på konsert i Fruekyrkja, og har etterkvart lete seg imponere av prosjektet.

- Eg syntest i byrjinga at ruinen kunne få stå, men no når kyrkja står der, gler eg meg over ho. Likevel irriterer det meg at historia er såpass usynleg i bygningen.

- Eg synest det skulle ha vore eit museum eller ei utstilling i tilknytting til kyrkja, eg er redd for at folk etterkvart berre vil sjå ei fin gammel kyrkje, utan å bli minna om historia ho kunne ha fortalt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Langveisfarande


To snekkarar frå Dessau, Frank Rudolf og Stefan Krüger. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)To snekkarar frå Dessau, Frank Rudolf og Stefan Krüger. (Foto: Ragnhild Margretha Taranger)

Snekkarane Frank Rudolf (29) og Stefan Krüger (32) har kome køyrande til Dresden frå Dessau, for å sjå på byggverket. Dei synest historia kjem fram slik det er.

- Ingen vil tru at dette er ei gammal kyrkje som har stått der alltid, seier Krüger.

Han peikar på at fleire delar av den gamle kyrkja er sett inn slik dei var etter bombinga.

- Ein kan ikkje sjå desse utan å spørje seg kva som har skjedd, meiner Rudolf.


Originaldelar

Det sju meter høge kuppelkorset er laga av ein engelsk kunstsmed. Inni kyrkja kan ein sjå det orginale korset, som ber tydelege spor etter medfarten det fekk i 45, av nettopp engelske bomber. England har blitt kritisert for at dei har sett opp ein statue av mannen som var ansvarleg for bombinga, men har altså også vore med på å «gjere det godt igjen».


Utanpå kyrkja ser ein også spor av den orginale Fruekyrkja som sto ferdig i 1743. Nokre av steinane er heilt svarte, det er dei gamle.

Men med tida vil den nye sandsteinen bli like svart, og ein må setje seg inn i historia for å vite at dei er der, og lese bøker for å skjøne kva som har skjedd.


Les meir på nettet:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving