Ikkje større sjølvmordsfare med lykkepiller

Artikkelen fortsetter under annonsen

Medisin mot depresjon aukar ikkje faren for sjølvmord, heller ikkje dei første vekene av behandlinga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: EHP.gov)(Foto: EHP.gov)

(NPK:) Det går fram av ein ny studie som er publisert i januarnummeret av tidsskriftet American Journal of Psychiatry.

Statens legemiddelverk åtvara i april i fjor mot auka sjølvmordsfare ved bruk av antidepressiva, såkalla lykkepiller, særleg blant barn og unge.

Det same gjorde Det europeiske legemiddelkontoret og helsestyresmaktene i USA.

Den nye undersøkinga, som er gjort av forskarar ved det amerikanske Group Health-kooperativet, viser at risikoen for sjølvmord faktisk går ned med 60 prosent straks pasienten byrjar ta medisinen, og han held fram med å søkke gjennom heile behandlingstida.

Sjølvmordsraten er likevel noko høgare blant barn og unge som tar antidepressiva, enn blant vaksne.

Blant dei over 65.000 pasientane som var omfatta av granskinga, var det 31 som tok livet sitt dei seks første månadene dei gjekk på antidepressiva. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving