Vil gje stemmerett til 16-åringar

Porsgrunn kommune vil at 16-åringar skal få stemme ved lokalvalet i 2007, og har søkt Kommunaldepartementet om å få setja i verk ei prøveordning.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Kommunevåpen frå Porsgrunn kommune sine heimesider.)(Kommunevåpen frå Porsgrunn kommune sine heimesider.)

- Å senke stemmerettsalderen er eitt av tiltaka for å få opp engasjementet omkring valet, seier Ap-representanten Mari Helen Varøy i Porsgrunn bystyre til avisa Varden.

Varøy meiner at ungdom ofte blir ein salderingspost i politikken, og viser til auka problem med psykisk helse og auka valdsbruk blant ungdom.

- Vi ser også at kondombruken i Noreg er for låg samanlikna med andre land, og at ungdomsklubbane ofte blir ramma når budsjetta skal kuttast. Når ungdom ned til 16 år får stemme vil det prege politikken, seier Varøy. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy