100-årsjubilantar på frimerke

Artikkelen fortsetter under annonsen

HM Kongens Garde, Noregs Mållag, Livredningsselskapet og vinter-OL kjem på eigne frimerke i det nye året.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Neste år kjem det også spesialfrimerke som er kjekke å ha når du inviterer til bursdagsselskap eller annan moro. (Foto: Posten Norge, NPK)Neste år kjem det også spesialfrimerke som er kjekke å ha når du inviterer til bursdagsselskap eller annan moro. (Foto: Posten Norge, NPK)

(NPK:) - Ved fastsetjing av neste års frimerkeprogram hadde vi ei rekkje tema og framlegg å velje mellom. Det var fleire jubilantar som fortente frimerkemarkering. Difor ser vi fram til eit spennande frimerkeår, seier direktør Halvor Fasting i Posten.

Årets jubilantar


I 2006 markerer HM Kongens Garde sitt 100-årsjubileum. Det er også 100 år sidan Noregs Mållag, Forbrukarsamvirket og Livredningsselskapet vart stifta, og det er 100 år sidan den første Svalbard-ekspedisjonen vart gjennomført. Alle desse blir heidra med frimerkemotiv i det komande året.
I tillegg vil det koma fleire nye turistmotiv, ein ny serie med ville dyr og motiv med meir marint tilsnitt.

Mange høgdepunkt


Det nye frimerkeprogrammet byr på fleire høgdepunkt. Til OL i Torino kjem det eit nytt frimerke med to av dei norske deltakarane. Kven dette er blir ikkje offentleggjort før i starten av februar.
Seinare same månad kjem ein serie med såkalla «anledningsfrimerke» til bruk i samband med bursdagsselskap, barnefødsel, dåp og annan høgtid. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving